fredag 10. juli 2009


Hei på dokke -gode bloggvenner :)
takk for koselige helsingar !
Alltid like kjekt :)
Tiltross for sommar - sol og uteliv har eg så
lyst å vise dokke siste innkjøp av noko INNE i huset..nemlig lysekroner :):)
Er såå fornøgde !!
Då eg kom inn i ein liten, men flott interiørbutikk..berre
sa det pang då eg såg denne lysekrona.
Over salongbordet passar det utmerket med ei som
kun er for levande lys.
Ofte har eg lyst å tenne lys på bordet der..men så
er det desse karane i huset då..som ikkje er like glad for det
...derfor...når det henger over bordet ...ja då går det så fint ;);)
Kjekt med sånne kjøp som treff sånn midt i blinken :):)
-.-.-.-


-.-.-.-
I lag med det nymala taket...så kjem den mykje bedre
til sin rett...synest eg då :):)
Forrige veke var det lyn og torden...og då
benytta eg anledningen til å tenne en del lys..og då
synte dei faktisk godt igjen...lenge sidan sist det har
vore så mørkt ute....
-....-....-
Synest peisen vår òg kom mykje bedre til sin rett i lag med
kvite vegger og tak....( enn gulna panel ;);)
-.-.-.-


-.-.-.-
Forrige veke hadde vi ein hærlig kveld i min bror
m/fam. sitt naust ..Langbord med kvit duk..markblomster...
reker...m.tilbehør...grillmat...hærlig !
22 gr.i sjøen..og badinga stod på heilt til 00.30...tenk
å bade om natta :):) berre nydelig :)
-.-.-.-


-.-.-.-
Små og store synest det var koselig å bli med
onkel ut på ein båttur òg :):)
Viktig å ta vare på sommarkveldane på denne måten...
stoppe opp i den aktive kvardagen og både glede seg
over kvarandre og den nydelige naturen som omgir oss !!
Vi er såå heldige !!
-.-.-.-

-.-.-.-
Denne lyskrona kjøpte eg i vinter over spisebordet i stova !
No er den flytta til soverommet - og i stova er komt ei
ny og litt større frå Lisbeth Dahl ! Den passa der litt bedre
pga at den er litt større ! Var eit kupp synest eg ...kr 1299,-
det var iallefall eg veldig fornøgde med :):)
-.-.-.-.-

Kjekt å ha fått denne på soverommet !
-.-.-.-
Denne vart veldig fin her :):)...også passa den godt til den
andre som henger over
salongbordet...sidan begge er kvite !
-.-.-.-

-.-.-.-.-

Pelargoniane bugner av knupper :):) Dei er virkelig
ein av mine favoritt blomstrar !!
Tenk eg synest denne var litt gammeldags då mamma
og pappa hadde slike i stovevindua då eg var lita..
med sånne potter av plast der ein rulla litt ned øverste
delen...sånn kvitrutete potter :):)...også stod dei
på gamle tefat :) NYDELIG når eg no tenker
tilbake og ser det føre meg :)...og no kjem dei litt
sentimentale følelsane fram....men det må òg være
lov... Her i bloggverda er dokke berre så gode..så eg
er meg sjølv..uansett :):)

-.-.-.-
Vil ønske dokke gode venner der ute ein fortsatt
koselig sommar :) Dokke er ein hærlig gjeng kvar og ein på
dokka måte :) Har sagt det før...kan føle meg sliten etter ein
lang dag..og kjenner energien kjem når eg tittar innom dokke :)
Eg er ikkje alltid like aktiv bloggar...men kosar meg med
det når tida strekker til. Dokke gir meg
mykje glede og inspirasjon når eg ser inn til dokke :):)
( prøver å gi noko tilbake :)
SOMMAR!
Hærlig med lyse dagar og netter...
godt å sleppe å tenke på klokka...berre stoppe opp og nyte
på ein litt anleis måte :):)
Igjen :) ha det kjempefint !
STOR sommarklem frå ein glad "snart"turist :)
-.-.-.-