fredag 10. juli 2009


Hei på dokke -gode bloggvenner :)
takk for koselige helsingar !
Alltid like kjekt :)
Tiltross for sommar - sol og uteliv har eg så
lyst å vise dokke siste innkjøp av noko INNE i huset..nemlig lysekroner :):)
Er såå fornøgde !!
Då eg kom inn i ein liten, men flott interiørbutikk..berre
sa det pang då eg såg denne lysekrona.
Over salongbordet passar det utmerket med ei som
kun er for levande lys.
Ofte har eg lyst å tenne lys på bordet der..men så
er det desse karane i huset då..som ikkje er like glad for det
...derfor...når det henger over bordet ...ja då går det så fint ;);)
Kjekt med sånne kjøp som treff sånn midt i blinken :):)
-.-.-.-


-.-.-.-
I lag med det nymala taket...så kjem den mykje bedre
til sin rett...synest eg då :):)
Forrige veke var det lyn og torden...og då
benytta eg anledningen til å tenne en del lys..og då
synte dei faktisk godt igjen...lenge sidan sist det har
vore så mørkt ute....
-....-....-
Synest peisen vår òg kom mykje bedre til sin rett i lag med
kvite vegger og tak....( enn gulna panel ;);)
-.-.-.-


-.-.-.-
Forrige veke hadde vi ein hærlig kveld i min bror
m/fam. sitt naust ..Langbord med kvit duk..markblomster...
reker...m.tilbehør...grillmat...hærlig !
22 gr.i sjøen..og badinga stod på heilt til 00.30...tenk
å bade om natta :):) berre nydelig :)
-.-.-.-


-.-.-.-
Små og store synest det var koselig å bli med
onkel ut på ein båttur òg :):)
Viktig å ta vare på sommarkveldane på denne måten...
stoppe opp i den aktive kvardagen og både glede seg
over kvarandre og den nydelige naturen som omgir oss !!
Vi er såå heldige !!
-.-.-.-

-.-.-.-
Denne lyskrona kjøpte eg i vinter over spisebordet i stova !
No er den flytta til soverommet - og i stova er komt ei
ny og litt større frå Lisbeth Dahl ! Den passa der litt bedre
pga at den er litt større ! Var eit kupp synest eg ...kr 1299,-
det var iallefall eg veldig fornøgde med :):)
-.-.-.-.-

Kjekt å ha fått denne på soverommet !
-.-.-.-
Denne vart veldig fin her :):)...også passa den godt til den
andre som henger over
salongbordet...sidan begge er kvite !
-.-.-.-

-.-.-.-.-

Pelargoniane bugner av knupper :):) Dei er virkelig
ein av mine favoritt blomstrar !!
Tenk eg synest denne var litt gammeldags då mamma
og pappa hadde slike i stovevindua då eg var lita..
med sånne potter av plast der ein rulla litt ned øverste
delen...sånn kvitrutete potter :):)...også stod dei
på gamle tefat :) NYDELIG når eg no tenker
tilbake og ser det føre meg :)...og no kjem dei litt
sentimentale følelsane fram....men det må òg være
lov... Her i bloggverda er dokke berre så gode..så eg
er meg sjølv..uansett :):)

-.-.-.-
Vil ønske dokke gode venner der ute ein fortsatt
koselig sommar :) Dokke er ein hærlig gjeng kvar og ein på
dokka måte :) Har sagt det før...kan føle meg sliten etter ein
lang dag..og kjenner energien kjem når eg tittar innom dokke :)
Eg er ikkje alltid like aktiv bloggar...men kosar meg med
det når tida strekker til. Dokke gir meg
mykje glede og inspirasjon når eg ser inn til dokke :):)
( prøver å gi noko tilbake :)
SOMMAR!
Hærlig med lyse dagar og netter...
godt å sleppe å tenke på klokka...berre stoppe opp og nyte
på ein litt anleis måte :):)
Igjen :) ha det kjempefint !
STOR sommarklem frå ein glad "snart"turist :)
-.-.-.-

søndag 28. juni 2009


HÆRLIGE SOMMAR-DAGAR !
Tenk kor fantastisk hærlig vi har det om dagen...
31 gr. i skyggen i dag...heilt utrulig !!
Vi nyter det i fulle drag !
-.-.-
Her kjem nokre bilder frå terassen i dag :)
Dette er den delen som er under tak...og her ser
dokke le-veggen som no er blitt i glass...
såå kjekt å nyte sommarkveldane..lunt og fint...
med utsikt til sjøen !!
Har òg ein snill svoger som har vore hjelpsom
med eit lite utekjøkken...mangler fortsatt stålføtter..
men i går måtte eg berre prøve litt korleis
det vart.... :):) Takk Terje :):)
-.-.-
I speilen ser dokke litt av utepeisen...den er ikkje under tak...så
vi får ingen effekt av varmen...men vi får stemninga...og
den er jammen vesentlig :):)

-.-.-.-.-


Er så glad for denne romantiske plastduken frå KID...

har lagt en lysrosa duk under :) :)




Fekk tips frå http://www.tineskreativehjorne.com/ om å plante
blomster i sykkelkurv :):) ...synest det
var så artig :):)


-.-.-
-.-.-


-.-.-

-.-.-
Tigerpus...nyter òg sommarvarmen !



-.-.-
Kjære koselige bloggvenner :):) Nyt sommaren
vidare ! Koser meg sånn når eg ser til dokke :):)
kreative og flinke som dokke er !!
Sommerklem frå :Johanne
-.-.-

søndag 21. juni 2009


Hei Kjære Bloggvenner :)

Håper dokke har det fint ! Eg er litt sjelden innpå...men eg

tenkjer på dokke likevel. No når eg var innom og skulle finne

fram bilder eg ville dele med dokke...så ser eg at det har jammen vore

mykje som har skjedd siste månaden :):) Dagane og kveldane

berre fyker avgårde...med mykje tid på jobb + trivelige aktivitetar :):)

Vore med og laga til 70 års kalas - 85 års kalas, 1 veke jobbreise, 4 H leir,

goguten sin skuleavslutning i 7 klasse og gojenta si avslutning i 10 klasse.

Litt rart...no har vi ikkje lenger barn på barneskulen...men ein på

ungd.skulen og ei på vid.gåande.


Har òg feira gojenta vår sin 16 års dag :):) ... koselig fam.selskap i hagen..og

då høyrer jordbær kake med !

***

***

Litt artig at det er jordbær på fatet òg ...

***


***

Laga hjortegryte...og til den serverte vi heimelaga foccacia

...kjempegodt...med olivenolje og provance krydder.... hadde kanskje

hatt litt mykje havsalt på...etter enkelte sin

smak..medan andre synest det var akkurat passe :):)

Så mjukt og godt atte mmmm :):) Det skal eg lage fleire gongar attåt

sommar-måltida...passer òg så godt til gode salater :):)


***



***

Synest det er ekstra koselig å ha maten i litt

fine beholdarar...som denne nettingkurven... :)

...og bestikket og servietter i verktøykasse ( av ny dato :)

Gjestane forsyna seg inne....( fluge-fritt )...og tok maten

med seg ut og kosa seg der :):)...åh det er såå kjekt å lage til

uteselskap :):)
***

***

Verdens Beste eller Kvæfjordkake...er òg alltid populært :):)

*** ***

...og for ikkje å snakke om ein bukett med markblomster ...

NYDELIG ....

***

***
Har òg vore med og arrangert 4 H leir :):) Hærlig å være ute

og ikkje minst lage til mat der ! Blide, glade og takknemlige ungar som

kosa seg skikkelig :)

***

***

Fekk nokre kommentarer og smil på at eg hadde med

kvit duk ;);)...var vist første gongen der hadde vore

kvit duk i dette gamle sagbruket ;);)...men det

vart litt meir apetittelig å servere og ikkje minst

forsyne seg av maten då :):) Men dei voksne var ikkje

i tvil kven som hadde hatt med duk....;)kan ikkje skjønne

korleis dei viste det ;);)

...jau eg må berre innrømme at lys..duk og servietter

set spissen over ièn...:)også ute i naturen :):)

***


***

Koselig med ild i denne vakre gruva !

Når vi ikkje brukte den til å grille i ....hadde vi ved

i den ....stemningsskapane !

***

***

Håper ikkje det blir like lenge til neste gong eg kjem med

eit nytt innlegg. Har fått ny le-vegg på uteplassen...no

i glass ( ein fastkarm og ei balkongdør )...veldig kjekt

for vi har utsikt til sjøen. Eg har òg kjøpt ei ny lyskrone

over salongbordet i stova ...kun for lev.lys....er såå

fornøgde :):)...Eg må vise dokke ditta her snart ;);)

***

Ha det godt gode bloggvenner :) Ha ei skikkelig koselig

jonsok feiring :) Håper veret er fint der dokke skal

feire...det gjer det så ekstra koselig. Vi skal

vere i / ved naustet vårt....og det gleder vi oss til :)

***

Stor midtsommarklem frå

Johanne

torsdag 21. mai 2009

Nydelig med VÅR !
~~.~~
...ja våren er ei fantastisk tid...alt som igjen livnar til liv er
berre såå hærlig...og fuglane synger dei vakraste songar..
Et lite minus...med denne årstida for mitt vedk...jobben min består av
en del overtid...og eg lengter av og til etter meir tid til å gjere
det eg har lyst til...putle på ute..inne..ha besøk..gå på besøk...
blogge med dokke bloggvennane...men men..eg har
det utrulig godt og har såå mykje å være takknemlig
for ..noko eg prøver å tenke på kvar dag :):)
~~~.~~~
Tusen takk til dokke gode bloggvennane..som er så
koselige å sende meg helsingar..sjølv om eg har vore
laber ang.blogging i dei siste månadane. Dokke er
no så koselige at det er ei fryd :):)
~~.~~
~~.~~
I dag har eg kosa meg ute...og eg har lenge draumt om
eit spisebord med kvit duk ute....I dag henta eg eit
bord i kjellaren( som aldri er i bruk )....og plasserte det på
terassen... :) vart ganske fornøgde ;) ;)
~~.~~
~~.~~

Stemors blomstren er ein sjølvskreven blomst hos oss...
synest den er eit nydelig kunstverk...

~~.~~


~~.~~

Sette oppetter veggen eit par gamle grinder...var det
litt rart eller... ? (berre sei kva du meiner..uansett ;)
.....eg synest det vart litt stilig eg...men hadde sjølvsagt
vore finare om huset vårt hadde vore kvitt.
Men då vi malte det synest vi denne fargen var
så stemningsfull uansett årstid..

~~.~~

~~.~~

Nydelige epleblomstrer....

~~.~~


~~.~~

Nokre blomstrer berre må eg ha...og margritter
er blandt dei ....

~~.~~



~~.~~




~~.~~



~~.~~
...har ikkje planta så veldig mykje endå...og amplane
er fortsatt tomme...der kjem det store blå hengelobelia ....



~~.~~



~~.~~
..koselig med litt sommerfriske støvler .. :)


~~.~~

~~.~~

~~.~~
...denne sink-kanna blir flittig bruk til å vatne blomstrane
gjennom heile sommaren....kosar meg skikkelig når
eg går rundt og vatnar med denne kanna...
~~.~~


~~.~~
....igjen fekk eg så lyst å vise dokke eit kosebilde av den
gode mamma (tosebola ;) mi ...og meg...her frå 17 mai..
her er vi litt trøtte av dagen både ho og eg...
dagen var fin på alle måtar !
~~.~~


~~.~~

....med bilde av denne humla vil eg ønske dokke alle ei riktig
fine helg ! Dokke er ein hærlig gjeng som eg set stor
pris på....og det er jammen artig at vi kan møtast her
inne på denne måten. Håper dokke har meg tilgitt om eg
er litt meir aktiv blogger på vinterstid.
Koser meg iallefall kvar gong eg blir gleda av dei fine
innlegga dokke viser :):)
Ha det godt og stor klem frå :Johanne
~~.~~


søndag 19. april 2009



Hei kjære Bloggvenner !
Først vil eg takke for koselige helsingar
frå dokke !
Dokke er bra snilde som skriv til meg sjølv om
eg har vore bloggfråverande så lenge...faktisk over
ein månad....men no vil eg vise dokke grunnen.
Stova har vore "påhalv åtte" i over ein månad og
no er taket og nokre veggar endelig
ferdigmala:):):) Tinga ( inkl.dataen) er komt på plass..og
det føles såå hærlig å være ferdig. No vil dokke høyre meir
frå meg :):) Hadde håpa å bli ferdig til påske..men måtte nok
bruke litt av den òg...og her vart først fint igjen 2 påskedag ...
Vi reiste frå kaos-huset eit par dagar i påska og var på hyttetur på
sætra...veldig koselig og avslappande :):)



~~*~~
Her ser dokke noko av det ferdige resultatet :)
Vi er såå fornøgde..og vi er så glad i det grove
og rustikke i lag med det lyse. Sidan taket er nesten 90 m2..
så blir det veldig mykje tak..derfor luna dei brunbeisa
bjelkane taket litt ned ( synest vi då ;)..også står det
fint til mange av dei mørke møblane vi har.
~~*~~

~~*~~
Titt tei...her er eg glad og fornøgde for at vi er i gang :):)
med flott plasthette ;););)ka;);)
Dette har eg ønska å gjort i over ti år...men mannen min har
vore såå glad i furu...sakte men sikkert har han sagt seg
enig i at eg kunne begynne på taket :):)...yes...yes..yes...
Reidun ( go-jenta vår )...er nesten like interessert som meg
i interiør..så ho har jobba som ein helt i lag med meg. Utan
ho hadde eg blitt litt motalause trur eg. Vi har faktisk hatt det
kjempekjekt medan vi har hengt oppunder det 3,5 meter
høge taket vårt desse siste helgane :)
Eg beundarar ho veldig.. Det er mange ting som er meir
spennande for ein snart 16 år gammal ungdom...enn denne
type arbeid..men ho har vore i godt humør og sagt...eg er
så glad for at vi er begynt på dette mamma :):):)

~~*~~

~~*~~
Her ligg ho så artig oppå eit av dei tunge skapa våra
og maler med freidig mot :):)
Vi valgte å la dette møbelet stå..for det er såå tungt å flytte..
men ho la ei god madrass oppå og mala i vei... :)
Med vernebriller for nyttårsraketter og det
heile :):):)

~~*~~
Vi er litt "små-stolt" vi damene her i huset for at vi har
gjort dette heilt åleine..uten nokon form for hjelp
av karane her :):):) Mannen min sa etter første
helga...håper dokke er like blide og fornøgde etter
å ha stått på stige og stilas om tre veker...og det
klarte vi jammen å være...faktisk vart det fem helgar:):)
Ikkje så rart vi / eg smila i grunnen....
etter å ha ønska dette såå lenge :):):)

~~*~~

~~*~~
Ikkje så rart eg er lykkelig over å være ferdig med
denne furu-verda som har dominert stova veldig ...
..det føles såå godt å sjå tilbake på dette og tenke
aldri meir furu vegger /tak i stova. Faktisk var dette det
siste rommet i hovedetasjen som var furu...hærlig :):)

~~*~~



~~*~~


~~*~~
Hadde tenkt å legge inn fleire "etter-bilder" men no kjem
ikkje eg innpå bilde-mappene..??
Men eg trur eg berre må vise dokke fleire "lykke-bilde"
etterkvart :):)
No blir eg flinkare og kome innom dokke òg :):)..for no er
kvardagen blitt litt meir vanlig igjen !! ..og dataen er komt
på sin faste plass :):) ..i litt koseligare omgivelser :):)
~~*~~
Mange av dokke har nevnt go-guten og mamma i
helsingane til meg...og derfor vil eg berre seie at
go-guten er så smått byrja å trene fotball igjen..og då
er livet for han såå skjønt :):) Ja det er kjempegodt
å sjå han frisk og glad igjen..med energi og farge i
kinna :):) Er såå takknemlig ! Ingen elskar ein så
høgt som borna ...sånn er det berre...
Mamma har det bra..går litt opp og ned, men ho er
uansett ein hjerteknusar som eg er så utrulig glad i :):)

Ønsker dokke ei flott søndag :)
~~*~~
Her skine sola frå skyfri
himmel og i dag skal eg styre ute i hagen :):)
Ha det godt og stor solskinnsklem frå :Johanne
~~*~~