søndag 15. mars 2009

Hei Kjære Dokke :)
Eg har ikkje gløymt deg/ dokke om eg ikkje har blogga på eit par veker. Vart berre så tom og litt sliten. Trur det vart ein etter-reaksjon etter ei tid med masse følelser omkring det med go-guten vår...brukte sikkert max av oppsparte krefter..men det er godt ein har dei på lur når det trengs. Trur ofte slike følelsar dukkar opp når ting går bedre igjen..og ein kan senke skuldrane og først då kjenner ein egentlig korleis ein har det.
***
Eg som er så glad i å sjå inn til dokke...legge igjen helsing...ha inn nye innlegg og få gode helsingar frå dokke...har ikkje funne energi til det no i det siste. Men no kjendte eg lysta er begynt så smått å kome tilbake...men håper dokke ikkje har vore/er fornærma om eg er litt fråværande for tida.
Men det er artig å kjenne kor mykje dokke likevel betyr for meg...for eg tenkjer på dokke...ein etter ein. Ein får eit spesielt og annleis vennskap i dette miljøet...eit veldig fint vennskap..som eg set veldig stor pris på. Derfor har den dårlige samv.heta mi tikka med jamne mellomrom..når eg ikkje har vore innom dokke og sendt helsingar.. Men...sånn har det berre vore akkurat no.
***
Eg/ vi er forresten så smått begynt å male stovetaket ..med god hjelp av go-jenta. ( kun oss damene som likar å male her heime hos oss ;);) Har 70 m2 stove...og det ubehandla furutaket er i tillegg mønetak...så her har vi rikelig med godt arbeid framfor oss...er så vidt i gang...håper vi blir ferdig til påske ;);) Kveldane etter jobb er så korte...så det blir mest i helgane at vi får gjort litt som syner igjen. Skal vise dokke før og etter bilder seinare :)
Ha det godt gode venner...Igjen..dokke er med meg i tankane :)
***




***
Laga to puter for nokre veker sidan....spisebrikker med
trykk og blonder...vart litt koselige synest eg :):)
Eg synest dei vart litt fine i avslappingskroken vår på kjøkkenet !
***

***


ØNSKER DOKKE ALLE EI RIKTIG

GODE VEKE :)
STOR KLEM FRÅ JOHANNE


onsdag 25. februar 2009

Kjære Hjertegode Bloggvenner !!!

~~'~~
Er så overvelda og takknemlig over dei støttande og
medfølande orda dokka har sendt meg/oss etter forrige
innlegg. Det viser det som eg har sagt før...her er eit
hav av gode og varme mennesker.
Eg har såte med tårer mange gongar etter dei
støttande orda dokke skriver.. Ein blir så audmjuk
og glad på same tid ! Det har varma ...ikkje berre meg,
men mine òg :):)

Go-guten er blitt bedre..og i går var han faktisk oppe heile
dagen....og det er veldig stort etter faktisk to veker liggande.
Han har takla alt såå flott..blir litt tøft framover sidan
han ikkje kan være i fysisk aktivitet på ei god stund..men han og
vi skal gjere det beste ut av det !


Igjen ...TUSEN TUSEN takk for trøsta dokke har vist :)
Stor klem til dokke alle.



Dei siste kveldane har eg kosa meg og putla på med
litt decoupage...og laga nokre kort :)
Synest det vart så romantisk dette
kvite emaljerte fatet. Gleder meg til sommaren ..då
skal det bli flittig brukt :)
~~'~~


~~'~~
Har òg pynta rundt kanten...då er det litt dekorativt
om det står til pynt på eit bord...med lys og div.anna
stæsj på......
~~'~~


~~'~~


~~'~~
...nokre kort er òg blitt til i desse kveldstimane...
Det er så hærlig å sitte sånn og kose seg :):)
Koselig å gi presang med heimelaga kort til...
Har lagt inn tekst på bilda..så blir det ekstra
personlig :)
~~'~~

~~'~~

~~'~~
...koselig dette Jesus bildet...berre dumt at eg ikkje
har øverste del av det...valgte likevel
å lage dette kortet...med denne teksten...på
nynorsk... :)
~~'~~


~~'~~



~~'~~


~~'~~




~~'~~


~~'~~

....ja ..kjære venner...ha ei god veke vidare...kos
dokke ...Gi den ein er glad i ..ein god klem...og seie ein er
glad i kvarandre....for meg er det nesten den beste vitaminen
eg både kan både få og gi :):)

~~'~~
Set utrulig stor pris på dokke :):)
~~'~~

Tenkte på det i stad...no har eg blogga i fire mnd...og jammen
kor nær ein blir kvarandre..om ein ikkje har møtest..ikkje har eg
sett så mange ansikt bak desse vakre orda og bloggane.. Det gjer
ingen ting...det som er viktig er at det kjem så godt fram kven
som bur bak dei orda og bilda som blir vist !!!
~~'~~

Ha det riktig godt ! Stor takknemlig klem frå :Johanne




fredag 20. februar 2009

Go-guten vår :)


Hei Kjære Bloggvenner !

~~*~~


Første gong eg har anledning å være innom blogg denne veka.
Ja..korleis skal eg starte i dag...dette har vore den
mest spesielle veka i mitt liv..

~~*~~

Som eg har nevnt ei stund har vår kjære go-gutt ( 13 år neste helg )
vore sjuk lenge..og har tatt masse prøver som er blitt sendt til Haukeland
for dyrking. Onsdag fekk eg den mest verst tenkelige telefon
eg har fått til no frå fastlegen vår. Eg sat på jobb..
og legen spurte forsiktig kor eg var...eg meddelte det..
og då spurte han etter guten vår..som eg sa fortsatt
låg heime slapp og sjuk.
Då sa han..eg veit dette er vondt for deg å høyre Johanne ..
men guten dokka har celleforandringer i blodet og
han må snarast mulig sendast til fylkessjukehuset.
Eg og mannen var på et hurtig møte hos legen
som ikkje kunne legge skjul på kva dei ville
sjekke meir..kva var desse forandringane..og då eg spurte
om det var blodkreft som skulle utgreiast..så måtte
han berre seie ja..vi må få utgreia dette nærmare....

~~*~~

Følelsen eg har hatt..kan ikkje beskrivast med ord..
og tårene trillar no når eg skriv dette.
Ingen i verda elskar eg høgre enn borna våra. Vi reiste dei
14 mila som det då føltes såå lange..og go
guten vart grundig undersøkt..
Dei kom fram til at det var kyssesykja som gjorde desse
forandringane i cellene..og det kan mistolkast ..i forhold til kreft.
Vi vart sjølvsagt overlykkelige..og eg må berre tru at dei har rett.
Har mist pappa...har holdt på å mist mamma ...
og alt dette har vore grusomt vondt og trist...
men å høyre ordet kreft i samband
med sitt eget barn..er det mest hjerte skjerande
vonde eg har opplevd til no.

~~*~~

No søv han fint i senga si og eg gleder meg sånn til han våkner..

Verdens beste go-guten til mamma og pappa :):)
Eg må òg legge til kor fantastisk han sjølv har takla dette..
og eg har sagt mange gonger til han kor eg har
beundra hans måte å takle dette på...
eg spurte han i går..korleis har du klart å fortsatt vore
så smilande og blid... Då sa han" noko anna er ikkje
hjelp i..eg viste at eg ville få god hjelp uansett"...
Ja..til og med i ei sånn stund...klarer han å være den
positive og gode guten han ellers er !
Ja ..kjære, gode Tor-Helge...mamma og pappa elskar deg så høgt
som det er mulig !!!

~~*~~



Eg må berre sende ei ekstra helsing til to kjære (blogg)venner som

har støtta meg / oss enormt gjennom sms....TUSEN TUSEN TAKK for all

god hjertevarme dokke har vist kjære Hulda http://huldals.blogspot.com/

og Margit http://malyskrok.blogspot.com/

Dokke er berre såå ubeskrivelig gode !

~~*~~

Takk òg til alle dokke andre familie og venner som

gjorde alt dokke kunne for å trøste og hjelpe oss..det varma såå enormt.

Alle bønner som er blitt bedt....alt varmer så inderlig !

~~*~~

TUSEN TUSEN TAKK !!!

~~*~~

Ha det godt alle dokke gode bloggvenner !

Ønsker dokke ei riktig god helg...og ta vare på kvarandre

og alle små øyeblikk som likevel er så store !!

~~*~~

Stor varm klem frå Johanne

~~*~~

PS: ..fekk tlf.frå legen i ettermiddag og då kunne

han meddele at i løpet av hans ca.30 års karriere...så er dette

andre gongen der dei trur ein pasient har kreft...også viser

det seg å være kyssesykja. Godt at guten vår var ein av desse

to forvekslingane... No gleder vi oss berre til han skal blir frisk igjen !!!

fredag 13. februar 2009

Endelig Fredag & Helg !

~~'~~

Lenge sidan eg har kjendt sånn behov for
fredag som i dag....og endelig er den her !
Gleder meg såå veldig over denne helga...ingen
spesielle planer...være i lag med familien..gjere
alt det beste for go-guten vår...
eg gleder meg sånn til han blir frisk igjen !!

~~'~~

Forrige helg kom lysekrona på plass over
spisebordet ! Vi vart så fornøgde. Fekk ikkje til
å ta gode bilder av den...men viser dokke dette
her likevel !!! Synest den ser så lang og rar
ut her...trur eg må prøve å få til et
bedre bilde seinare :)

~~'~~


~~'~~

Lampa som hang i stova frå før er no komt over
kjøkkenbordet !! GJENBRUK !! :)
Synest den var veldig ok her...godt lys når
vi har brukt for det...og kun levande når
vi ønsker det...Passer meg midt i blinken !!!

~~'~~

~~'~~

Håper dokke så langt har hatt ein fin
fredag den 13...eg starta med å legge meg
langflat med det samme eg kom inn døra
på jobb... Då følte eg meg bra "lure"...men med
snø under glatte støvletter...ja så kan det gå sånn !
Såg med forsiktig rundt medan eg kava meg opp med
veske og styr..og håpa færrast mulig såg meg .... ;)

~~'~~

Ønsker dokke ein fortsatt skikkelig koselig fredagskveld !

Jammen godt vi har desse helgane !!!

~~'~~

Ha det godt og go-helg klem frå :Johanne


torsdag 12. februar 2009

DAGEN I DAG .... c",)
~~*~~
Har kosa meg skikkelig no i den seine kveldstime...har
besøkt bloggane dokka c",)
Skulle så gjerne ha lagt igjen ei helsing til kvar av
dokke...men må være så ærlig å sei at eg rett og
slett er for trøtt her eg sete....Men dokke veit at eg
nyter det dokke får til og viser...føler meg så heldig
som kan gå inn her på besøk til dokke alle !
Tusen takk for alle koselig helsingane dokke
sendte også på siste innlegget mitt...det varma både
mora og dottera sitt hjerte det !! ;) ;)
~~*~~
~~*~~

...dagen min i dag har vore sånn bob-bob....Go-guten vår har hangla
så lenge at i dag var eg med han til legen...Ingen matlyst...krefter...bleik
og svart under auga...det uroar eit mors indre... 39.4 i feber..og vil berre
sove. Legen trudde det var kyssesykje...men det var det ikkje... Får berre
håpe det er ei hard influensa som snart går over. Ingen ting er så vondt
som når borna har det låkt...
~~*~~
...ikkje nok med det...for då vi kom ut av legekontoret spydde go-guten
så berre det...heldigvis utanfor bygget...eg trøsta så godt eg kunne..då
han seier..."ser ikkje du mamma...nokon har parkert inni bilen vår"...akk
ja... min nye og kjære Suzuki Liana som er skjønn og vakker...eller
var såå skjønn og vakker...
Eg gjekk tilbake til l.kontoret..då eg møter ei forundra dame som sa
"jammen eg parkerte der borte ( 12 m) lenger vekke"...så dermed
hadde hennar skjønne toyota vore på tur på egenhånd.... Den
moderne teknologien altså...ja..og ja...;);)... Sjølv om eg synest det er
aldri så trasig..så må eg nesten le litt òg...bilen som på egenhånd
triller så søtt avgårde og smyger seg tett inntil min vakre liana ....
Ho sa..jammen er det godt at du er så blide...ja, sa eg..noko anna er
ikkje vits i...og godt var det at han ikkje meia ned nokon personar
på sin vei til min skjønne liana......
~~*~~


~~*~~
Hadet supert dokke bloggvennane som eg kjenner eg set
meir og meir pris på...og eg tenkte...at alle dokke 25 bloggane
som eg har oppe..føler eg berre nærmare og nærmare...
GODE...hjertegode og flinke personar...med så fin
personlighet...kreativitet...og hærlighet...Det var fine
og skikkelig velmeinte ord ! :):)
~~*~~
Ha det godt..og passe dokke ekstra på vinterføre..
og husk...handbrekka ;);)
~~*~~
Ha en ordentlig god torsdag- Klem frå Johanne "Liana"...det
var igrunnen litt fint ;);)
~~*~~

PS...hærlig bilde ..ka...ikkje berre vi bloggdamer som er glad i sink ...
...eg smelta fullstendig :):)
~~*~~

laurdag 7. februar 2009

La Toilette !
~~*~~

...forrige laurdag fekk dokke sjå begynnelsen
på eit syprosjekt til jenta vår Reidun Iren...og
her er det ferdige verket :)
Eg synest ho har vore så flink som har sydd
denne romantiske toalett veske-posen.
Synest bildet....teksten ho har lagt til..
blonden gjorde det så fint....:)
Ho har fransk på skulen...og skreiv derfor
teksten på fransk ( .. ho synest det
var litt dumt at ho gløymte å bøye
verbet "tilhøyre"...men kva gjer vel det ...)
Kjempefint synest eg !!!

~~*~~


~~*~~

....fint med koselig motiv på baksida òg....

~~*~~


~~*~~

~~*~~

I går kveld hadde eg "klubb" ...venninnekveld..her
heime. Likar og ha god tid å pusle på og pynte...og tenne
MASSE lys...men når ein kjem heim frå jobb litt
seint går timane fort ... Men Reidun Iren var så
flink og hjelpe mamma... :) :)


Her er vi igang med pyntinga av bordet ...
Dekke-tallerken i sølv gjer seg :)

~~*~~



~~*~~

Kvar gjest fekk si eiga kvit rose i ei lite glassflaske...
og eit lys...
det vart satt sånn pris på...koselig og lage
det fint og kose seg lenge rundt bordet
med gode venner :):)

~~*~~


~~*~~

...likar så godt dette servicet som er eit
av ferie-funna i Sverige ... :) ...det får
virkelig vårfølelsen til å kome for fullt :)

~~*~~


....vi har såå hærlig ver..at eg måtte berre
knipse sola som strøymer så fint inn i huset...

~~*~~




..denne veka har vore litt spesiell...Har vore med Reidun Iren
rundt på omvisning på vid.g.skular om kveldane...
Ei ny epoke i livet liksom...
Synest ikkje det er lenge sidan eg gråt av glede då eg
fekk denne go-jenta på bringa ein stor dag i juni for snart
16 år sidan.... Men det er så godt å sjå borna vekse til....at
dei gleder seg til veien vidare...Ja..det er LIVET...det å
glede seg over både fortid og framtid...og tenke over alle
mulighetane som livet har og by på...og det å finne ut
korleis ein på best mulig måte kan nytte dei...
Ho har tenkt masse over kva vei ho vil gå vidare...og pr.i dag er
kokke-yrket som fristar.. Ein del av det andre
året får dei òg prøve seg som "kokk" i Frankrike...ho
smiler frå øyre til øyre når vi snakker om det...og eg
gleder meg virkelig med ho ... :):)

~~*~~


~~*~~


...Har ikkje fått tida og kosa meg å besøkt dokke denne
veka...men det skal eg virkelig i løpet av helga :) :)...like
kjekt kvar gong :):)...alltid så mykje fint å sjå..og lese :)

~~*~~

Tusen takk til Susanne v/ http://alletidersbutikk.blogspot.com/

for vakker award...den varma veldig ! ...så snill og god

du er ! Tusen takk for så koselige kommentarer...det gjer meg så glad !

Set så stor pris på dokke og denne gode atmosfera som

er her i dette bloggmiljøet !

~~*~~

ØNSKER ALLE EI skikkelig koselig helg og god morsdag til dokke

mødrene :)...skal tru om vi blir "dulla" litt ekstra med ? ;);).....

Eg gleder meg til å "dulle" med MI KJÆRE MAMMA :):)...

Ha det godt og stor klem frå :Johanne

~~*~~


laurdag 31. januar 2009

~¨~
Hei Kjære Bloggvenner :)
~¨~
Håper dokke koser dokke og har hatt ei fin
helg så langt :)
Eg har storkosa meg. Har bl.a.sydd og fiksa oppatt
kjedelige puter. Eg og go-jenta mi har såte
og pusla på i heile dag....såå kjekt.
Så artig at ho koser seg med sånne
hobby-ting ho òg :) Altfor lenge sidan
eg sat slik og laga noko. Før laga eg
litt forskjellig..bl.a. dekorasjoner og var av og til med på
messer..dessverre har ikkje det blitt noko
av dette i dei seinare åra... Derfor har
denne dagen vore som balsam for sjela :):)
Får masse inspirasjon til å kome igang igjen..
takka være dokke der ute...så mange flinke
og kreative personer :):)
~¨~


~¨~


~¨~


~¨~

Transfer Paper er ei fryd å bruke...så artige å få
fiksa opp desse kjedelige putene som såg slik ut...
ganske stor forskjell....er så fornøgde. Valgte å bruke
sepia nyansen på bilda...synest det passa fint til
fargen i putene....sofaen og møblane ellers....og
med beige hekla blonder..så vart dei som nye for meg :):)
~¨~


~¨~
...desse var ikkje akkurat spennande å sjå på sånn
som dei såg ut....
~¨~


~¨~
...her held go-jenta på å sy på noko spennande...
det skal eg vise dokke òg snart... Ho er
flink og håndtere symaskina om ho er ganske
fersk i faget ;););)....mamma er kry av
go-jenta si ;););)
~¨~
~¨~
... nokre lys er òg blitt pynta ... dei passa fint oppå
desse glass-brikkene ....
~¨~
~¨~

~¨~
...og nokre fyrsikk-esker å fått ein litt meir
spennande look....
Åh..kor hærlig det er å sitte og putle med
sånne småkoselige sysler :):)
~¨~


~¨~
Såg no når eg gjekk inn på bloggen min at på
blogglista mi hadde der komt mange nye innlegg
frå dokke :):) ...gleder meg til å kome innom seinare
i dag...( viss ikkje eg sovner i sofaen ;);)...men då
dukker eg opp i morgon... Åh ..eg nyter å besøke dokke
på bloggane...dokke er så flinke og ikkje minst
trivelige ! Eg veit at eg sei dette igjen og igjen..
men eg meiner det virkelig !!!..og ein god
ting får ikkje ein sagt for ofte :):)
Ha ein fortsatt koselig laurdagskveld...NYT den...
no skal vi kose oss med nachos m/tilbehør...
hærlig med laurdagskveld...:):)
Stor klem frå Johanne
~¨~

torsdag 29. januar 2009

Hei :)
~~¨~~

Badet vårt i nostalgisk versjon
..så artig...takk for tipset til
Shabby & Charm...
dette kan ein gjere mykje ut av:):)
~~¨~~
http://labs.wanokoto.jp/olds
~~¨~~

~~¨~~
~~¨~~





~~¨~~




~~¨~~




~~¨~~


Ha en fin dag vidare !!

Stor klem frå Johanne


~~¨~~

tysdag 27. januar 2009

~~*~~
Hei gode bloggvenner:)
~~*~~
...først vil eg takke for alle dei koselige
tilbakemeldinga på verset eg laga til dokke
for et par dagar sidan. Eg meinar kvart ord..dokke
er så trivelige at det er ei stor fryd ..og det var så
kjekt at det vart satt pris på :):)
~~*~~
Kvardags-gleder !
~~*~~
Har tatt meg ein tur på badet
og knipsa nokre bilder som eg
vil dele med dokke:)...alt er liksom koselig
å dele med dokke. Ingen ting er for lite
og ingen ting for stort liksom.
Gleder..sorger..her er alt tillatt :):)
~~*~~
~~*~~
Veit eg har vore innom badet før...men det gjer vel ingen
ting ;).. denne skjenken kjøpte eg på
antikk-butikk...den var då rosa med litt kvitt...;);)
luta ..pussa og beisa den... Vart veldig fornøgd.
Er veldig glad i den litt rustikke ..litt grove
stilen i lag med lyse vegger. Og alt går
stortsett i lyst og jordfarger her hos oss.
~~*~~
~~*~~
Vannliljer...fine om dei er kunstige synest eg ;)
~~*~~
~~*~~
Synest det gjorde seg litt ekstra med HC på kranen :)
~~*~~
~~*~~
Eg elsker lavendel dufta...den gir virkelig
ro i kropp og sinn :)
~~*~~
~~*~~
Koselig med nostaliske vasker...
~~*~~
~~*~~
...her er vannlilja igjen...så vakker med dråper på...
trur den er snart 10 år...men som eg har
nevnt før her på bloggen..enkelte plastblomster
er faktisk litt fine synest eg...og dei får seg ein dusj
med jamne mellomrom ;);)
~~*~~


~~*~~
Kunne ønske denne nakkeputa var kvit..
men den er grei så lenge..til vi finn ei
lysare... den gjer i alle fall nytta :):)
~~*~~
~~*~~

Valgte meir gammeldagse kraner på badekaret
...og er veldig glad for det...
~~*~~

~~*~~
...med levande lys..lavendel-dråper i duftekrukka..

rolig og behagelig musikk..så er det hærlig med

eit avslappande bad..blir berre gjort så

altfor sjelden...

~~*~~


~~*~~



~~*~~
...er så fornøgd med dei italienske flisene...
synest dei gir ro og harmoni....
~~*~~


~~*~~
...ser dokke ho som bader... :):)..ja
dei får seg ein dusj desse figurane mine
med jamne mellomrom...veldig ok å sette
pyntetinga i badekaret eller dusjen
og spyle i vei...vips..støvfritt på
en - to -tre :):)
~~*~~



~~*~~
....tar ofte litt rustikke greiner rundt desse
plastblomstrane ...då får dei ein litt
meir grovare look :):)....
~~*~~


~~*~~

...denne klokka er eit av tinga som vart med
heim frå tur til York...litt artig utforming i grunnen ....

~~*~~

~~*~~
.....har skråtak på badet med dragarar...så
på det høgste er der 3,5 meter...( måtte
diskutere ganske mykje med snikkarane før
dei var enig med oss i det...mykje enklare
med flatt tak sa dei.. )...men vi synest det vart
mykje stiligare med mønetak....og vi er så
glad vi holdt på vårt...Etter 6 år..er vi
faktisk like fornøgde som då det var nytt :):)

~~*~~
~~*~~
...koselig med litt skjønne små bilder
ved vasken ...
~~*~~
~~*~~

.......er litt rart å legge ut sånne tankar og bilder over
ting ein er glad i her i heimen...men det er samtidig
koselig. Det er viktig å glede seg over små ting
i kvardagen..og som eg har nevnt før..så koser
eg meg når eg kjem på badet om morgonen...
og ikkje minst møte han søtingen ovanfor her
som ser så yndig og snill ut ;);)
~~*~~
Ha det koselig vidare utover veka
alle kjære bloggvenner !
~~*~~
Kjem snart innom dokke igjen...eg
synest det er så kjekt..og er litt hekta merker eg...
Har blitt ekstra mykje no i desse influensa tider...men
det vil nok avta litt etterkvart som kreftene og
arbeidslysta kjem meir tilbake. Åh ..arbeidslyst det
er såå hærlig...og eg gleder meg til div.malings
prosjekt eg skal begynne på her heime..først i stova.
~~*~~
klem frå :Johanne
~~*~~