onsdag 25. februar 2009

Kjære Hjertegode Bloggvenner !!!

~~'~~
Er så overvelda og takknemlig over dei støttande og
medfølande orda dokka har sendt meg/oss etter forrige
innlegg. Det viser det som eg har sagt før...her er eit
hav av gode og varme mennesker.
Eg har såte med tårer mange gongar etter dei
støttande orda dokke skriver.. Ein blir så audmjuk
og glad på same tid ! Det har varma ...ikkje berre meg,
men mine òg :):)

Go-guten er blitt bedre..og i går var han faktisk oppe heile
dagen....og det er veldig stort etter faktisk to veker liggande.
Han har takla alt såå flott..blir litt tøft framover sidan
han ikkje kan være i fysisk aktivitet på ei god stund..men han og
vi skal gjere det beste ut av det !


Igjen ...TUSEN TUSEN takk for trøsta dokke har vist :)
Stor klem til dokke alle.



Dei siste kveldane har eg kosa meg og putla på med
litt decoupage...og laga nokre kort :)
Synest det vart så romantisk dette
kvite emaljerte fatet. Gleder meg til sommaren ..då
skal det bli flittig brukt :)
~~'~~


~~'~~
Har òg pynta rundt kanten...då er det litt dekorativt
om det står til pynt på eit bord...med lys og div.anna
stæsj på......
~~'~~


~~'~~


~~'~~
...nokre kort er òg blitt til i desse kveldstimane...
Det er så hærlig å sitte sånn og kose seg :):)
Koselig å gi presang med heimelaga kort til...
Har lagt inn tekst på bilda..så blir det ekstra
personlig :)
~~'~~

~~'~~

~~'~~
...koselig dette Jesus bildet...berre dumt at eg ikkje
har øverste del av det...valgte likevel
å lage dette kortet...med denne teksten...på
nynorsk... :)
~~'~~


~~'~~



~~'~~


~~'~~




~~'~~


~~'~~

....ja ..kjære venner...ha ei god veke vidare...kos
dokke ...Gi den ein er glad i ..ein god klem...og seie ein er
glad i kvarandre....for meg er det nesten den beste vitaminen
eg både kan både få og gi :):)

~~'~~
Set utrulig stor pris på dokke :):)
~~'~~

Tenkte på det i stad...no har eg blogga i fire mnd...og jammen
kor nær ein blir kvarandre..om ein ikkje har møtest..ikkje har eg
sett så mange ansikt bak desse vakre orda og bloggane.. Det gjer
ingen ting...det som er viktig er at det kjem så godt fram kven
som bur bak dei orda og bilda som blir vist !!!
~~'~~

Ha det riktig godt ! Stor takknemlig klem frå :Johanne




fredag 20. februar 2009

Go-guten vår :)


Hei Kjære Bloggvenner !

~~*~~


Første gong eg har anledning å være innom blogg denne veka.
Ja..korleis skal eg starte i dag...dette har vore den
mest spesielle veka i mitt liv..

~~*~~

Som eg har nevnt ei stund har vår kjære go-gutt ( 13 år neste helg )
vore sjuk lenge..og har tatt masse prøver som er blitt sendt til Haukeland
for dyrking. Onsdag fekk eg den mest verst tenkelige telefon
eg har fått til no frå fastlegen vår. Eg sat på jobb..
og legen spurte forsiktig kor eg var...eg meddelte det..
og då spurte han etter guten vår..som eg sa fortsatt
låg heime slapp og sjuk.
Då sa han..eg veit dette er vondt for deg å høyre Johanne ..
men guten dokka har celleforandringer i blodet og
han må snarast mulig sendast til fylkessjukehuset.
Eg og mannen var på et hurtig møte hos legen
som ikkje kunne legge skjul på kva dei ville
sjekke meir..kva var desse forandringane..og då eg spurte
om det var blodkreft som skulle utgreiast..så måtte
han berre seie ja..vi må få utgreia dette nærmare....

~~*~~

Følelsen eg har hatt..kan ikkje beskrivast med ord..
og tårene trillar no når eg skriv dette.
Ingen i verda elskar eg høgre enn borna våra. Vi reiste dei
14 mila som det då føltes såå lange..og go
guten vart grundig undersøkt..
Dei kom fram til at det var kyssesykja som gjorde desse
forandringane i cellene..og det kan mistolkast ..i forhold til kreft.
Vi vart sjølvsagt overlykkelige..og eg må berre tru at dei har rett.
Har mist pappa...har holdt på å mist mamma ...
og alt dette har vore grusomt vondt og trist...
men å høyre ordet kreft i samband
med sitt eget barn..er det mest hjerte skjerande
vonde eg har opplevd til no.

~~*~~

No søv han fint i senga si og eg gleder meg sånn til han våkner..

Verdens beste go-guten til mamma og pappa :):)
Eg må òg legge til kor fantastisk han sjølv har takla dette..
og eg har sagt mange gonger til han kor eg har
beundra hans måte å takle dette på...
eg spurte han i går..korleis har du klart å fortsatt vore
så smilande og blid... Då sa han" noko anna er ikkje
hjelp i..eg viste at eg ville få god hjelp uansett"...
Ja..til og med i ei sånn stund...klarer han å være den
positive og gode guten han ellers er !
Ja ..kjære, gode Tor-Helge...mamma og pappa elskar deg så høgt
som det er mulig !!!

~~*~~



Eg må berre sende ei ekstra helsing til to kjære (blogg)venner som

har støtta meg / oss enormt gjennom sms....TUSEN TUSEN TAKK for all

god hjertevarme dokke har vist kjære Hulda http://huldals.blogspot.com/

og Margit http://malyskrok.blogspot.com/

Dokke er berre såå ubeskrivelig gode !

~~*~~

Takk òg til alle dokke andre familie og venner som

gjorde alt dokke kunne for å trøste og hjelpe oss..det varma såå enormt.

Alle bønner som er blitt bedt....alt varmer så inderlig !

~~*~~

TUSEN TUSEN TAKK !!!

~~*~~

Ha det godt alle dokke gode bloggvenner !

Ønsker dokke ei riktig god helg...og ta vare på kvarandre

og alle små øyeblikk som likevel er så store !!

~~*~~

Stor varm klem frå Johanne

~~*~~

PS: ..fekk tlf.frå legen i ettermiddag og då kunne

han meddele at i løpet av hans ca.30 års karriere...så er dette

andre gongen der dei trur ein pasient har kreft...også viser

det seg å være kyssesykja. Godt at guten vår var ein av desse

to forvekslingane... No gleder vi oss berre til han skal blir frisk igjen !!!

fredag 13. februar 2009

Endelig Fredag & Helg !

~~'~~

Lenge sidan eg har kjendt sånn behov for
fredag som i dag....og endelig er den her !
Gleder meg såå veldig over denne helga...ingen
spesielle planer...være i lag med familien..gjere
alt det beste for go-guten vår...
eg gleder meg sånn til han blir frisk igjen !!

~~'~~

Forrige helg kom lysekrona på plass over
spisebordet ! Vi vart så fornøgde. Fekk ikkje til
å ta gode bilder av den...men viser dokke dette
her likevel !!! Synest den ser så lang og rar
ut her...trur eg må prøve å få til et
bedre bilde seinare :)

~~'~~


~~'~~

Lampa som hang i stova frå før er no komt over
kjøkkenbordet !! GJENBRUK !! :)
Synest den var veldig ok her...godt lys når
vi har brukt for det...og kun levande når
vi ønsker det...Passer meg midt i blinken !!!

~~'~~

~~'~~

Håper dokke så langt har hatt ein fin
fredag den 13...eg starta med å legge meg
langflat med det samme eg kom inn døra
på jobb... Då følte eg meg bra "lure"...men med
snø under glatte støvletter...ja så kan det gå sånn !
Såg med forsiktig rundt medan eg kava meg opp med
veske og styr..og håpa færrast mulig såg meg .... ;)

~~'~~

Ønsker dokke ein fortsatt skikkelig koselig fredagskveld !

Jammen godt vi har desse helgane !!!

~~'~~

Ha det godt og go-helg klem frå :Johanne


torsdag 12. februar 2009

DAGEN I DAG .... c",)
~~*~~
Har kosa meg skikkelig no i den seine kveldstime...har
besøkt bloggane dokka c",)
Skulle så gjerne ha lagt igjen ei helsing til kvar av
dokke...men må være så ærlig å sei at eg rett og
slett er for trøtt her eg sete....Men dokke veit at eg
nyter det dokke får til og viser...føler meg så heldig
som kan gå inn her på besøk til dokke alle !
Tusen takk for alle koselig helsingane dokke
sendte også på siste innlegget mitt...det varma både
mora og dottera sitt hjerte det !! ;) ;)
~~*~~
~~*~~

...dagen min i dag har vore sånn bob-bob....Go-guten vår har hangla
så lenge at i dag var eg med han til legen...Ingen matlyst...krefter...bleik
og svart under auga...det uroar eit mors indre... 39.4 i feber..og vil berre
sove. Legen trudde det var kyssesykje...men det var det ikkje... Får berre
håpe det er ei hard influensa som snart går over. Ingen ting er så vondt
som når borna har det låkt...
~~*~~
...ikkje nok med det...for då vi kom ut av legekontoret spydde go-guten
så berre det...heldigvis utanfor bygget...eg trøsta så godt eg kunne..då
han seier..."ser ikkje du mamma...nokon har parkert inni bilen vår"...akk
ja... min nye og kjære Suzuki Liana som er skjønn og vakker...eller
var såå skjønn og vakker...
Eg gjekk tilbake til l.kontoret..då eg møter ei forundra dame som sa
"jammen eg parkerte der borte ( 12 m) lenger vekke"...så dermed
hadde hennar skjønne toyota vore på tur på egenhånd.... Den
moderne teknologien altså...ja..og ja...;);)... Sjølv om eg synest det er
aldri så trasig..så må eg nesten le litt òg...bilen som på egenhånd
triller så søtt avgårde og smyger seg tett inntil min vakre liana ....
Ho sa..jammen er det godt at du er så blide...ja, sa eg..noko anna er
ikkje vits i...og godt var det at han ikkje meia ned nokon personar
på sin vei til min skjønne liana......
~~*~~


~~*~~
Hadet supert dokke bloggvennane som eg kjenner eg set
meir og meir pris på...og eg tenkte...at alle dokke 25 bloggane
som eg har oppe..føler eg berre nærmare og nærmare...
GODE...hjertegode og flinke personar...med så fin
personlighet...kreativitet...og hærlighet...Det var fine
og skikkelig velmeinte ord ! :):)
~~*~~
Ha det godt..og passe dokke ekstra på vinterføre..
og husk...handbrekka ;);)
~~*~~
Ha en ordentlig god torsdag- Klem frå Johanne "Liana"...det
var igrunnen litt fint ;);)
~~*~~

PS...hærlig bilde ..ka...ikkje berre vi bloggdamer som er glad i sink ...
...eg smelta fullstendig :):)
~~*~~

laurdag 7. februar 2009

La Toilette !
~~*~~

...forrige laurdag fekk dokke sjå begynnelsen
på eit syprosjekt til jenta vår Reidun Iren...og
her er det ferdige verket :)
Eg synest ho har vore så flink som har sydd
denne romantiske toalett veske-posen.
Synest bildet....teksten ho har lagt til..
blonden gjorde det så fint....:)
Ho har fransk på skulen...og skreiv derfor
teksten på fransk ( .. ho synest det
var litt dumt at ho gløymte å bøye
verbet "tilhøyre"...men kva gjer vel det ...)
Kjempefint synest eg !!!

~~*~~


~~*~~

....fint med koselig motiv på baksida òg....

~~*~~


~~*~~

~~*~~

I går kveld hadde eg "klubb" ...venninnekveld..her
heime. Likar og ha god tid å pusle på og pynte...og tenne
MASSE lys...men når ein kjem heim frå jobb litt
seint går timane fort ... Men Reidun Iren var så
flink og hjelpe mamma... :) :)


Her er vi igang med pyntinga av bordet ...
Dekke-tallerken i sølv gjer seg :)

~~*~~



~~*~~

Kvar gjest fekk si eiga kvit rose i ei lite glassflaske...
og eit lys...
det vart satt sånn pris på...koselig og lage
det fint og kose seg lenge rundt bordet
med gode venner :):)

~~*~~


~~*~~

...likar så godt dette servicet som er eit
av ferie-funna i Sverige ... :) ...det får
virkelig vårfølelsen til å kome for fullt :)

~~*~~


....vi har såå hærlig ver..at eg måtte berre
knipse sola som strøymer så fint inn i huset...

~~*~~




..denne veka har vore litt spesiell...Har vore med Reidun Iren
rundt på omvisning på vid.g.skular om kveldane...
Ei ny epoke i livet liksom...
Synest ikkje det er lenge sidan eg gråt av glede då eg
fekk denne go-jenta på bringa ein stor dag i juni for snart
16 år sidan.... Men det er så godt å sjå borna vekse til....at
dei gleder seg til veien vidare...Ja..det er LIVET...det å
glede seg over både fortid og framtid...og tenke over alle
mulighetane som livet har og by på...og det å finne ut
korleis ein på best mulig måte kan nytte dei...
Ho har tenkt masse over kva vei ho vil gå vidare...og pr.i dag er
kokke-yrket som fristar.. Ein del av det andre
året får dei òg prøve seg som "kokk" i Frankrike...ho
smiler frå øyre til øyre når vi snakker om det...og eg
gleder meg virkelig med ho ... :):)

~~*~~


~~*~~


...Har ikkje fått tida og kosa meg å besøkt dokke denne
veka...men det skal eg virkelig i løpet av helga :) :)...like
kjekt kvar gong :):)...alltid så mykje fint å sjå..og lese :)

~~*~~

Tusen takk til Susanne v/ http://alletidersbutikk.blogspot.com/

for vakker award...den varma veldig ! ...så snill og god

du er ! Tusen takk for så koselige kommentarer...det gjer meg så glad !

Set så stor pris på dokke og denne gode atmosfera som

er her i dette bloggmiljøet !

~~*~~

ØNSKER ALLE EI skikkelig koselig helg og god morsdag til dokke

mødrene :)...skal tru om vi blir "dulla" litt ekstra med ? ;);).....

Eg gleder meg til å "dulle" med MI KJÆRE MAMMA :):)...

Ha det godt og stor klem frå :Johanne

~~*~~