tysdag 20. januar 2009



Vårlig Stemning !






Denne lykta fekk eg av go-jenta mi ( dottera :)
til bursdagen !!
Ho veit kva mamma likar :)





Synest det er så flott med vårlig

stemning på kjøkkenet !

Dagane er lysare for kvar dag ...

og det er såå HÆRLIG !!!



Gardinene på kjøkkenet kjøpte eg i sommar...men har klart å spare dei til no.

Det hender seg ganske ofte at

eg kjøper noko eg likar..som faktisk kan ligge LENGE

før det blir tatt i bruk. Det er så kjekt å ta det fram når eg har gått lei det

som var der frå før...sånn som no etter jul..så er eg såå glad for at eg hadde desse romantiske

gardinene på lur :):)







Denne vakre engelen og duftelys i blondepose fekk eg

av min " kjære tante unge Lisbeth"...( som kun er 3 år

yngre enn meg ;) til bursdagen !

Tusen takk Lisbeth...dette falt virkelig i smak :)











Har lenge hatt lyst på fuglebur frå KID..men det er

langt frå her vi bur til den butikken...derfor er eg såå

takknemlig for at mannen min var så grei at han

ville kjøpe det til meg sist fredag då han var i by`n :)

Takk til deg "Anitas Hus" for det lure tipset

med å ha vakre småroser rundt...det gjorde det

ekstra fint synest eg :)






Mørke møbler...lyse vegger, gardiner..puter og "stasj"

preger stova vår. Eg synest det er såå fint å sjå i heimane

til dokke som har såå mykje lyse møbler...men hos oss

forblir dei nok mørke i stova. Mange av møblane har

kvar si historie...og spisebordet

og stolane er over 100 år gammalt..og eg kjøpte dei

for mi aller første "ordentlig lønning" !!

Litt artig i grunnen :) Har beisa dei om igjen og

trekt om stolane !!









Dette fatet frå "Lisbeth Dahl" er òg ei koselig

bursdagsgåve eg fekk til dagen min med ei

kjær venninne :):)





Tusen takk for dei koselige helsingane dokke legg

igjen på bloggen min...det gleder meg veldig i ein aktiv kvardag :)

Ha ei fortsatt STRÅLANDE veke !!

klem frå Johanne




søndag 11. januar 2009

GLEDER !
~~¨~~
~~ ~~
Har hatt ei hærlig helg !
Fredag hadde eg bursdag ;)..koselig med litt ekstra
oppmerksomhet..både heime og på jobb ;);)
** ** **
Men DEN ALLER STØRSTE gleda var at eg
fekk dele denne dagen med bl.a MAMMA !!!
Tenk for berre nokre dagar sidan....uvisshet og tårer...
** ** **
Vi hadde det såå koselig på fredag...eg fekk DET VAKRE SMILET
hennar...vi koseprata...åt kaker ...ja hadde ei
fantastisk stund ! Er såå TAKKNEMLIG over at eg
fekk denne gledesstunda i lag med mamma etter alt
ho har vore gjennom at eg har knapt ord. Ho har få
dagar som er så gode som denne..og at det til og med
skulle treffe på min dag...gjorde det så ekstra godt for meg.
Ho søv ofte veldig store deler av døgnet..og denne dagen
var ho så bra som eg ikkje har sett ho på fleire månader...
** ** **
MÅTTE berre dele denne gleda med dokke gode og omtenksomme
bloggvenner ..som har støtta meg så mykje !
Igjen Tusen Takk !!!

~~¨~~


Mamma`s Vakre Smil !!!

~~¨~~



~~¨~~
TULIPANER
~¨~
Ut med jula ..og det raude som no tar
pause til advent....og inn med det vårlige !!!
MÅ alltid ha tulipaner og primula når eg
har tatt bort julepynten.

~~¨~~
~¨~
Kjøpte nylig dette vakre kanelhjertet
....fint å sjå på og god luft !


~¨~

~~¨~~
~¨~
Synest det var heilt topp og få opp lyse
gardiner...kvite duker og puter igjen !
Har kjøpt nye gardiner som eg hadde tenkt
å ha opp no...men så skal vi til å male deler av
stova...og då må eg spare dei til vi er
ferdige med det... Men faktisk vart eg
godt fornøgd med desse sjølv om dei er
nokre år..trur det er minst to år sidan sist
eg brukte dei...men kva gjer no det så lenge
som det er ei forandring som både eg og mine er fornøgd med :)

~~¨~~


~~¨~~
Denne lampa fekk eg med storesysta mi m/mann til
jul / bursdag...Flott at der var mykje sølv på...for då
passer det så godt til fattigmannssølvet...
som eg er så glad i.

~~¨~~
Eg synest pioner er vakre om
dei ikkje er ekte...har to slike som
eg har hatt ei fleire år...blir aldri lei
dei :) Gir dei en omgang vask av og til..
og dei blir som nye ;);)
~~¨~~
~~¨~~
Ønsker Alle som tittar innom her
ei kjempefine veke :) :)
Stor klem frå Johanne



torsdag 8. januar 2009

Er såå fornøgd :) :)

~~ . ~~ . ~~


~~ . ~~ . ~~
Denne lyskrona ( eller tilsv....for dette er
utstillingsmodellen i butikken ) vart mi /vår ;) i dag.
Har kikka ei stund etter ei ny lampe over spisebordet
i stova...og i dag berre sa det pang.
Denne falt sånn i smak...men skal ha andre
type lyspærer i enn det som er vist her ... ;) Lampa er
ikkje altfor overdådig liksom...og med såpass mykje
krom, så vil det passe fint til mykje av det andre vi har :)
~~.~~.~~
Gleder meg sånn til å henge den opp...men trur det
kan bli ei stund til...skal male noko i stova først...derfor
klarte ikkje eg å vente med å dele gleda med dokke ..til
eg er ferdig med malinga...
~~ . ~~ . ~~
Også er det så gøy å vise det til dokke
som skjønner så godt korleis gleden kjennes innvendig ;) ;) ;)
~~ . ~~ . ~~
Igjen vil eg takke for alle gode helsingar i samband
med mamma...det varmar enormt. Så gode og
omtenksomme dokke er ...blir heilt rørt og så glad
av hjertevarmen dokke viser :)
Ha ein skikkelig koselig torsdag :):):)
~~ . ~~ . ~~
klem frå Johanne
~~ . ~~ . ~~

~~ . ~~ . ~~

laurdag 3. januar 2009

Fantastisk glede !

~~.~~.~~.~~





~ ~~.~~ ~


~~~


~~ ~¨~ ~~

I går klarte du å sitte litt oppe mamma....så hærlig..og eg er så takknemlig !

~~.~~.~~.~~.~~.~~

Vil berre dele ei fantastisk GLEDE...



TENK...vår kjære Mamma..du er våkna igjen...du prater..du trekker på ditt vakre smilebånd..du klarer å svelge..du har følelse i kroppen din...I flg.legen din i går så er det nesten som eit under at alle desse funksjonane er i orden. Frå å få vite at vi måtte være forberedt på at du kanskje aldri kom til å våkne igjen..til at vi no har god kontakt med deg og du har det nokolunde...så er det ubeskrivelig fantastisk ! Er så takknemlig som det går ann å være. Sjølv om slaget har gitt nokre plager..så håper eg likevel at du vår inderlig kjære mamma vil få mange gode stunder framover !



~~~.~~~.~~~



TUSEN TAKK til dokke gode omtenksomme bloggvenner der ute...og til dokke gode vennane mine som ikkje skriv noko på bloggen, men som eg veit tittar innom - og som har sendt meg omtenksomme sms`er eller mail ! Dokke har gitt så mange gode og trøstandes ord...og det varmar enormt !

~~.~~.~~

Blir alltid glad for helsingar - men når ein er i ein såpass sårbar stund som eg / vi har vore no...så er omtanke og nestekjærlighet så utrulig godt og verdifullt !

~~.~~.~~

Har kosa meg å kikka inn på mange av bloggane dokka !!! Det er ei god avkobling og ta del i det dokke får til ..for ein kreativ og hærlig gjeng :):):)

~~.~~.~~

Ha ei skikkelig koselig helg vidare !

~~.~~.~~

Stor gledesklem frå Johanne

torsdag 1. januar 2009

**************


Mors Vakre Hand !
**** I mi ****

******



2008 – 2009
~~ ~~ ~~ ~~


Det er natt – klokka er kvart over fem
Er nettopp kommet hjem
Ikkje frå ei nyttårsfeiring så flott
Men frå eit sjukehus der vi har såte og grått

Grått over deg gode mamma som vi har så kjær –
Du mamma som står oss så inderlig nær
I dag kl.ett du eit hjerneslag fekk
og vi veit endå ikkje korleis det gjekk

Legen sa vi må være forberedt på så mangt
Og hugse på at ditt liv har vore langt…
Men Mamma.. skal eg aldri meir ditt smil få sjå ?
Aldri meir få sjå deg gå ?
Aldri høyre di vakre stemme sei ?
Johanne eg er så glad i deg

Gråten tar no overhånd –
For til deg har eg så sterke bånd
Du har vore mi klippe gjennom alle år
Gitt av ditt hjerte som FORTSATT slår

Eit snildare menneske enn deg mamma finst knapt ei
Du har alltid vore så omsorgsfull og grei
Gitt av din kjærlighet så INDERLIG stor
Til ALLE – til Pappa- til syster og bror

Tida den tikkar – eit nytt år er blitt til
Eit år eg for alle mine kjære det beste vil
Det største ønsket mitt akkurat no
Er at du igjen vil ”våkne” mi mamma så god

Eg veit du vil ikkje at eg skal sitte her no
Eg veit du vil eg skal få meg litt kvile og ro
Men korleis skal eg sove når eg har det så vondt
Og sørge er så ubeskrivelig tongt

Men håpet det er så viktig å ha
Eg håper kjære mamma at du igjen blir bra
Men ”slaget” var stort – og alt gjekk så fort
…men 38 år i lag med deg føles så altfor kort

Så vondt å høyre legen din seie-
Dagane framover vil vise om du vil greie
Å fortsatt være i lag med oss på jord
Og vente litt til før du reiser til vår Herre stor

Men no må eg prøve å sove litt-
Så skal eg tilbake til deg og ta ein titt
På deg mi skjønnaste og kjære mamma
Igjen holde deg i den gode handa
Som har jobba og styra i 80 år
DU MI KJÆRE MAMMA – EG VIL ØNSKE DEG EIT RIKTIG GODT NYTT ÅR



**********************

Mi kjære mamma og meg !
****************************

Ønskjer ikkje å øydelegge gleden over det nye året med
dette diktet mitt skrevet denne natta / morgonen
den første dagen i det nye året...men eg hadde så behov
få å skrive eit dikt frå hjertet sånn eg har det no...og livet består av gleder
og sorger..og tidspunktet rår vi ikkje over.
Håper dokke har hatt ei riktig fin nyttårsfeiring !
Alt godt ønsker eg dokke for 2009 !
Hjertelig klem frå Johanne




måndag 29. desember 2008


Fader Vår



~.~.~.~



Fekk dette vakre Fader Vår verset i lag med

to nydelige lysestaker i fattigmannsølv

med ei KJÆR venninne til JUL.



~.~.~.~








~.~~.~~.~





~ ~ ~ ~ ~

Litt julebilder frå Kjøkkenet !
~ ~ ~



Blir så inspirert av å titte innom mange av
dokke kjære bloggvenner sine heimar ...
og eg synest det var så
fint med den muggen du
Hulda hadde på
kjøkkenbordet ditt :)
...så du skal ha æra for ãt eg
nyter synet kvar gong eg
tittar på denne muggen her :)


~~~~~~~



~~~~~~

Spisekroken Vår

på kjøkkenet

~~~


Rødt dominerer sterkt hos oss når det er JUL

~~ ¨~~

Ellers i året har den fargen

pause her i huset :)

~~ ¨~~

~~~~~~

Desse boksane var noko av den første

Julepynten eg kjøpte meg for

snart 20 år sidan.....hjelp eg

er vist begynt å bli litt gammal.... ;) ;)


~~ ¨~~



~~~~~~~


Denne kakeform-boksen er ny av året...
kjøpte den på Kremmerhuset
....synest den var så koselig :)

~~~~~




~~~~~~

~~~





~~ ¨~~

Hos oss går det unna på Levande Lys !

~~ ¨~~




~~ ¨~~

Nøtter med god gammeldags-knekker

høyrer med til Jula :)

~~ ¨~~



~~ ¨~~

Fekk lov å ta dokke med på ein

liten tur innom deler av go-jenta ( 15 )

sitt rom :)

~~ ¨~~





~~ ¨~~




~~ ¨~~

Kosekroken På Rommet Hennar !

~~ ¨~~
På veggen henger ein kjole ho fekk


til 3 års dagen sin...Sjarmerande med raude småruter og blonder !

~~ ¨~~



~~ ¨~~


Så søt ein Engel


~~ ¨~~




~~ ¨~~


No er vi komt til Gangen :)

~~ ¨~~

Desse englane har "såte" på denne hylla

kvar jul i mange år...prøvde å flytte

dei og tenke nytt...men dei fann

vegen tilbake til gamle trakter :)


~~ ¨~~



~~ ¨~~



~~ ¨~~



~~ ¨~~



~~ ¨~~

~~ ¨~~

Her er to gåver som er noko av det kjæraste

ei mamma og ein pappa kan få...nemlig heimelaga gåver.

Denne puta fekk vi til Jul i fjor av go-guten vår som då var 11 år.

Vi var /er så imponert :)...og det var lærerinna òg...

ho sa han sydde så tålmodig og gleda seg slik

til å gi oss denne gåva...gjett om tårene mine

rann då vi åpna denne pakken....

~~ ¨~~


~~ ¨~~

Like glad var vi av denne puta som go-jenta vår

sydde i lappeteknikk og gav til oss med

stor glede...
for nokre hjertegode born vi har !

~~ ¨~~

Det å være foreldre er den største gåva eg

på nokon måte kan tenke meg !

~~ ¨ ~~



~~ ¨~~

Denne smørkinna fann eg i potetkjellaren då

eg var 12 år...eg vaska og skrubba den

og hadde den på rommet mitt med

tørka blomster på :)

Hugsa mamma og pappa vart så overraska...

men samtidig vart pappa glad for denne

hadde mor hans kinna så mykje smør i

då han var liten...

Sidan den dagen vart den mi og den har

følgt meg der eg har budd :)

~~ ¨~~


~~ ¨~~

~~ ¨~~


~~ ¨~~

I fjor laga ein venn av meg mange hjerter

til meg som eg då mala lyse...men etter

inspirasjon frå bl.a.Hulda limte eg

på vakre englemotiv...og vart endå

meir fornøgde med hjertene mine :)
~~ ¨~~


~~ ¨~~

5 JULEDAG har vore ein liten merkedag for MIN kjære Hans-Petter

og meg...vi har vore gifte i 16 år !

Vi laga ekstra god middag og feira i lag med borna våra :):):)

Koselig Dag !

Eg er såå Glad i Deg Mannen Min !


~~ ¨~~


~~ ¨~~


Takk til ALLE dokke som gleder meg så mykje

med å legge inn koselige ord på bloggen min...

det varmar faktisk VELDIG !

Litt rart i grunnen...ein blir kjendt med

kvarandre på ein sånn fin måte gjennom blogglandia ..

trur dette er medisin for mange av oss :)

DET finst såå mange koselig menneske

rundt omkring...og det å få bli kjendt med

fleire på denne måten er EI STOR GLEDE og

inspirasjonskjelde for meg !

ØNSKJER DOKKE ALLE ALT GODT I ÅRET

SOM KJEM !


Håper det blir trygt og godt for deg og dei du er glad i !

Så håper eg på meir fred og menneskelig omtanke

i verda !


Tenk om vi kunne budd i ei verd der ALLE hadde det

godt ! Det er ein stor ønskedraum ....som eg innerst inne

håpar at ein dag går i oppfyllelse...sjølv om det nesten

er utenkelig !


Ønsker i alle fall dokke koselige, kreative og gode bloggvenner


ALT GODT for 2009 !


~~ ¨~~


Romjul-og Nyttårsklem frå


Johanne