onsdag 12. november 2008

Sjølv om vi er komt til november og eg gleder meg til jul, er det faktisk litt godt å sjå tilbake på sommaren og det den hadde å by på....blomster i hagen eller strandliv ved Vânern !



måndag 10. november 2008

Hauststemning i vest :)

Hei igjen ! Legg her inn eit litt større bilde av skjenken på badet...etter ønske frå Trine - min første blogg venn :) Takk for koselig helsing Trine :) Etter alle dei gongane eg har vore på besøk på din nydelige blogg...så var det ekstra koselig med 1 helsing frå deg ! Så artig å føle at eg er komt litt i gang...dette er litt spennande :):) Ha en fin kveld vidare !! kos

søndag 9. november 2008


November...sjølv om det blir tidlig mørkt om kveldane...så nyt eg denne tida av året. Aldri er lev.lys så vakre som når haust-og vinterstormane uler rundt husveggane. Eg må berre sei at eg er begynt å glede meg til jul....Er ganske fornøgd med helga...for eg har fått vaska alle golvtepper med høgtrykkspyler..og med temp.på rundt 12 gr.og vind...har dei tørka flott...og no skal dei ligge på vent til advent...og til forhåpentligvis nedvaska rom og adventsstemning.. Då blir dei liksom som nye igjen ;) kos frå Johanne

I startfasen :)


Hei !

Dette er første gong at eg legg inn noko på bloggen min...litt spennande...for eg er litt amatør på dette området her ;) Eg er heldig og har fått god hjelp av go-jenta mi på 15 :):) Mange gonger når eg har behov for ei avkobling har eg gått inn på mange av interiørbloggane...og det er rett og slett medisin. Er så imponert over kor mange flinke og koselige menneske som finst der ute..med felles interesser. Derfor er dette med blog ei fin mulighet for å møte mange andre med same interesse :)

I dag har vi hatt ein koselig farsdag...og pappa`en her i huset fekk ein fin start på dagen med pakker og kos på senga...god frukost og middag...så han er bra fornøgde. No nyter han cupfinalen i lag med junior på 12 ...som er like lidenskapelig interessert i fotball som pappa`en :):) Litt artig er det at go-jenta vår har arva ein god del av mamma`s interiør interesser :):)

Hei !


Dette er mitt første innlegg i bloggen min. Må innrømme at eg har lite peiling på dette...men håper det kjem seg etterkvart :) Har ikkje fått til overskrifta i bloggen min sånn som eg ønsker...vart kun små bokstaver uansett kva eg prøvde...ikkje vart den midtstilt heller...det har sikkert noko med brukaren å gjere ;)


I dag er det farsdag..og her heime har pappa fått pakkar og kos på senga..god frukost og middag...så no er han bra fornøgde ;)


Ellers er eg begynt så smått å glede meg til jul...og håper tida framover rekk til alt som er ønskelig...Det å lage hyggelige stunder med familie og venner...stoppe opp og nyte tida..og ikkje berre tenke på alt ein skulle ha gjort.