Hei Kjære Bloggvenner :)
Håper dokke har det fint ! Eg er litt sjelden innpå...men eg
tenkjer på dokke likevel. No når eg var innom og skulle finne
fram bilder eg ville dele med dokke...så ser eg at det har jammen vore
mykje som har skjedd siste månaden :):) Dagane og kveldane
berre fyker avgårde...med mykje tid på jobb + trivelige aktivitetar :):)
Vore med og laga til 70 års kalas - 85 års kalas, 1 veke jobbreise, 4 H leir,
goguten sin skuleavslutning i 7 klasse og gojenta si avslutning i 10 klasse.
Litt rart...no har vi ikkje lenger barn på barneskulen...men ein på
ungd.skulen og ei på vid.gåande.
Har òg feira gojenta vår sin 16 års dag :):) ... koselig fam.selskap i hagen..og
då høyrer jordbær kake med !
***
***Litt artig at det er jordbær på fatet òg ...
***
***
Laga hjortegryte...og til den serverte vi heimelaga foccacia
...kjempegodt...med olivenolje og provance krydder.... hadde kanskje
hatt litt mykje havsalt på...etter enkelte sin
smak..medan andre synest det var akkurat passe :):)
Så mjukt og godt atte mmmm :):) Det skal eg lage fleire gongar attåt
sommar-måltida...passer òg så godt til gode salater :):)
***
***
Synest det er ekstra koselig å ha maten i litt
fine beholdarar...som denne nettingkurven... :)
...og bestikket og servietter i verktøykasse ( av ny dato :)
Gjestane forsyna seg inne....( fluge-fritt )...og tok maten
med seg ut og kosa seg der :):)...åh det er såå kjekt å lage til
uteselskap :):)
***
***Verdens Beste eller Kvæfjordkake...er òg alltid populært :):)
***
*** ...og for ikkje å snakke om ein bukett med markblomster ...
NYDELIG ....
***
***Har òg vore med og arrangert 4 H leir :):) Hærlig å være ute
og ikkje minst lage til mat der ! Blide, glade og takknemlige ungar som
kosa seg skikkelig :)
***
***Fekk nokre kommentarer og smil på at eg hadde med
kvit duk ;);)...var vist første gongen der hadde vore
kvit duk i dette gamle sagbruket ;);)...men det
vart litt meir apetittelig å servere og ikkje minst
forsyne seg av maten då :):) Men dei voksne var ikkje
i tvil kven som hadde hatt med duk....;)kan ikkje skjønne
korleis dei viste det ;);)
...jau eg må berre innrømme at lys..duk og servietter
set spissen over ièn...:)også ute i naturen :):)
***
*** Koselig med ild i denne vakre gruva !
Når vi ikkje brukte den til å grille i ....hadde vi ved
i den ....stemningsskapane !
***
***Håper ikkje det blir like lenge til neste gong eg kjem med
eit nytt innlegg. Har fått ny le-vegg på uteplassen...no
i glass ( ein fastkarm og ei balkongdør )...veldig kjekt
for vi har utsikt til sjøen. Eg har òg kjøpt ei ny lyskrone
over salongbordet i stova ...kun for lev.lys....er såå
fornøgde :):)...Eg må vise dokke ditta her snart ;);)
***
Ha det godt gode bloggvenner :) Ha ei skikkelig koselig
jonsok feiring :) Håper veret er fint der dokke skal
feire...det gjer det så ekstra koselig. Vi skal
vere i / ved naustet vårt....og det gleder vi oss til :)
***
Stor midtsommarklem frå
Johanne